Ledig stilling

Ledig fast stilling som radiograf ved Seksjon for barn/unge og CT/generell, Radiologisk avdeling
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Søk på stillingen Søknadsfrist: 30.06.2024
Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling med om lag 350 tilsette. Avdelinga er fulldigitalisert og nyttar SECTRA PACS og RIS. Avdelinga består av fleire seksjonar, dei fleste lokalisert i Sentralblokka.
Seksjon for barn/unge og CT/gen har drift i Sentralblokka og i Glasblokkene på Haukelandsområdet. Vi har ein stor maskinpark med av flere CT-maskiner fra fleire leverandørar, røntgen, gjennomlysning, ultralyd og ein MR for barn. Vi utfører mellom anna undersøkingar i akuttmottak, polikliniske undersøkingar, bistår på ultralyd, har stue-røntgen og gjennomlysningsundersøkingar både sjølvstendig og saman med legar. Nokre radiografar har kompetanse til å jobbe ved begge lokasjonene i SB og i GB, medan andre er meir spesialisert innan barn, konvensjonell røntgen, gjennomlysning eller CT. Denne stillinga er tiltenkt arbeid med CT og røntgen i hovudavdelinga i Sentralblokka.
Hausten 2024 vil seksjonen installere fotontellande CT (PCCT).
Radiografane i seksjonen inngår i 3-delt turnus med arbeid kvar 4.helg per i dag. Samla består seksjonen av omlag 65 årsverk.
Om stillinga:
Vi ser etter deg som ønsker å bidra fagleg og utvikle deg innan konvensjonell røntgen, gjennomlysning og/eller CT.
Det vil bli lagt vekt på erfaring innan fagfelta, men god og grundig opplæring vil bli gitt.
Vi søker etter en radiograf til ein 100% fast stilling.
Det er ønskeleg med oppstart snarast men tiltredelsestidspunkt kan drøftast for rett kandidat.
Søknadsfrist: 30.06.2024
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Stad: Bergen
Stillingar: 1
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID: 4819855350
Arbeidsoppgåver
- Radiograffaglege oppgåver
- Pasientadministrasjon
- Delta i seksjonen sine interne kontrollrutinar
- Delta i fagleg utvikling av seksjonen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Erfaring innanfor eksempelvis CT eller mobilCT, reformateringskunnskap og gjennomlysningsprosedyrer kan bli lagt vekt på og føretrekt
- Relevant videreutdanning er ønskeleg
- Må kunne meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Må ha gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du er fagleg interessert, fleksibel og sjølvstendig
- Du er strukturert, nøyaktig og påliteleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Adresse:Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon:
Else-Gunn Bøe Fjell, Seksjonsleiar, telefon: 55977701
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.